Nyheitsbrev nummer tre frå NLT

Sumaren er ei roleg tid, både for oss i administrasjonen og dei i styret. Sumaren går med til ferieavvikling og dagane er litt rolegare enn elles i året. Med unntak av eit par dagar var administrasjonen bemanna i heile sumar. No når hausten er i anmarsj, er det ei sterk auke i aktivitetsnivået. Vi reiser rundt på messer og deltek på ulike møter og arrangement og forsøker å representere organisasjonen vår så godt som mogeleg.

Vil minne om påmeldingsfristen til årets Haustsamling som er i morgon 26. september. Dersom du enno ikkje har meldt deg på , kan du gjera det her .

Søknad om produksjonstilskot jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid – del 2

Frist: 15.10.17
Våren 2017 vart det innført nytt søknadssystem for produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. Det er to søknadsfristar og ei utbetaling per år i det nye systemet. Andre søknadsfrist er no 15. oktober, og da er det både husdyrprodusentar, føretak med planteproduksjon og føretak med bikubar som kan levere søknad. Ein kan søke frå og med 1. oktober, som er telledatoen og det vert anbefalt at ein er tideleg ute med å søke.

NB! Det er viktig at alle søker på avløysartilskottet sjølv om dei ikkje har hatt avløysing endå. Då føre ein opp 0 i beløp i søknaden. Dersom ein ikkje søke no kan ein heller ikkje korrigera beløpet seinare.

Du kan lese meir om dette her.

Webtemp
På styremøtet 17. september fatta styret vedtak om at prosjektperioden vert forlenga med eitt år. Håpar du og ditt lag deltek på årets haustsamling . Vi er klare til å starte ei ny gruppe med Webtempbrukarar. Prosjektet er godt i gang og styret har vedteke å forlenge prosjektperioden med eit år. Så vil du sikre deg gratis bruk, er tida inne for å ta steget og melde seg på webtempkurs! Har du spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt.

Møter/kurs/Samlingar

Juli

  1. Møte i arbeidsgruppe – Arbeidstilsynet
    Det er sett ned ei arbeidsgruppe for å sjå på sjansen til å få KSL godkjent som ein bransjestandard i Arbeidstilsynet. I gruppa sit det representantar frå Arbeidstilsynet, Matmerk Fagforbundet og Bondelaget utanom NLT.
    For NLT sin del er det eit ønskje om at vi skal kunne nytte oss av HMS-delen i KSL som grunnlag for vår

August
25.-27.  Agrisjå,  Frigården Stjørdal

NLT var på plass med stand under årets Agrisjå messe. Dette er ein viktig arena å vera til stades på, og det var mykje folk innom standen vår. Det vi no merkar etterkvart er at fleir og fleir veit kven vi er. Der vi tidlegare stod på stand og informerte publikum om kven vi var, er det no fleire som kjem inn med relevante spørsmål og saker dei ynskjer å diskutera med oss. Det er veldig positivt.
Administrasjonen hadde og 30 min. innlegg på fagseminaret som føregjekk under heile messa. Her bidrog alle fire med kvar sitt innlegg. Tema for innlegget var « Kva gjer vi for at vi også i framtida skal vere bonden sitt naturleg fyrsteval».
Vi hadde sjølvsagt konkurransar i år og. Ein kunne ta ein NLT-Quiz der vinnaren fekk seg ein fjøsdress. I år var den heldige vinnaren Sondre Flataunet frå Rissa.
I tillegg hadde vi hengt opp eit tau som deltakarane skulle tippe lengda på. Her var det ny lengde på tauet kvar dag, og dagsvinnarane fekk seg ein fin NLT-sekk.
Vil nytta høve til å takka Namdal Landbrukstenester og LiST som stilte med personell til å vera med oss på stand. Dette var til stor hjelp, og ikkje minst kjekt for ein del av dei besøkande som såg kjente ansikt på standen vår!

  1. Fagdag om landbruksvikarverksemd

Landbruksdirektoratet inviterte denne dagen representantar frå Landbrukstenester og Fylkesmenn, for å gå gjennom Landbruksvikarordninga og forvaltning av denne. Det er eit ønskje frå direktoratet å sjå på ulike måtar å betre ordninga. Til årets jordbruksoppgjer vart det med anna foreslått å sjå på å avvikle motrekning av overskott og fleksibilitet i bruk av administrasjonstilskott. Dette vart diverre ikkje følgt opp i årets forhandlingar. Følgjande saker vart diskutert på møtet;

  • Fjerne prisregulering knytta til maks tilskott
  • Avvikle motrekning av overskott i ordninga
  • Større fleksibilitet knytta til bruken av tilskotsmidlar
  • Definere kva beredskap laga må stille dersom ein søke på midlar under landbruksvikarordninga

29.-31.  Samling for landbruksvikarar, avløysarar og administrasjon i Hordaland samt Sogn og Fjordane

Laga NLT Hordaland, Landbrukstenester Folgefonna, Ytre Sogn og  Sunnfjord Landbrukstenester, Vest Landbrukstenester, NLT Sunnfjord, Landbrukstenester Sogn samt Norske Landbrukstenester var representerte på samlinga. Totalt deltok 41 personar på samlinga.
Dag ein starta med felles lunsj og kurs for alle deltakarar. Bedriftshelse 1 hadde kurs i medverknadsplikt. Vidare vart det arrangert bedriftsbesøk til Spildegarden, der ein fekk smaka herleg sider frå Hardanger. Kvelden vart avslutta med middag på Hardangerfjordhotell og sosialt samvær.
Kurs i krisehandtering var fyrste kurs på dag to. Kursarrangør var Norsk Landbruksrådgjeving.  Om ettermiddagen vart det arrangert blåtur med lagbygging.  Her vart vi delt inn i mix lag. Dette er fint, då ein vert kjende med andre enn dei ein arbeider saman med til dagleg.  Aktivitetar bestod av alt frå presisjonsriding med hest og vogn til mjølkekakesteiking. Middagen vart servert i Holmatun storstove.
På dag tre vert kursdeltakarane delt inn i to. For landbruksvikarar og avløysarar var det kurs heldt av Tine. Tema var forskjellige utfordringar med stell av fjøs med robotar av mange merker. Medan dei administrativt tilsette hadde eit eige opplegg med velferdsordningar som innhald.

Takk til arrangørane.

September

  1. 5. Høyringsmøte om endringar i arb.miljøloven – NHO Mat og Drikke

Regjeringa har lagt ut på høyring forslag til endringar i arbeidsmiljøloven som vil ha innverknad på bemanningsbransjen. NLT har hatt eit møte med NHO Mat og Drikke i forkant av deira høyringsinnspel for å koordinera våre synspunkt. Endringane som er foreslått gjeld ei presisering av innhaldet i uttrykket «fast ansettelse», ei regulering av når det skal vera mogleg å foreta «midlertidig ansettelse» og om det skal innførast ei «kvoteordning» i forhold til avgrensing på innleige. Informasjon om høyringa finn du her.

  1. Møte i arbeidsgruppe – Arbeidstilsynet

Arbeidsgruppa var denne dagen med på ein KSL-revisjon i Eidsvoll for å få eit innblikk i korleis denne vert gjennomført.

8.-10.    Dyrsku`n

14 dagar etter Agrisjå var det tid for administrasjonen å reise til Seljord og delta med stand på årets Dyrsku`n. Vi var på plass på «bondens møteplass» i 2. etasje i Husdyrhallen. På Dyrsku`n er det alltid mykje folk uansett vær og vind, og vi er heldige som står innomhus når det regna og bles ute.  Her står vi i lag med andre organisasjonar i landbruksfamilien, og ein knyter kontaktar på tvers av organisasjonane. I tillegg så er det alltid like kjekt å møte ungdomar som jobbar som avløysar, unge og gamle bønder, unge som skal ta over garden på sikt og alle andre som nyttar tida til å få eit innblikk i kva dei ulike organisasjonane jobbar med.

Vi vil nytta høve til å takka Landbrukstjenester Telemark som stilte opp og var med oss nokre timar under messa.
Alltid kjekt når lokale lag nyttar høve til å stå på stand med oss.

Til neste år går Dyrsku`n av stabelen 14.-16. september. Då er vi på plass igjen, i tillegg så er vi tilstades på Agroteknikk på Lillestrøm 8.-11. november.

  1. Arbeidsgiverpolitisk utval – NHO Mat og Drikke

Saman med NHO Mat og Drikke sitt HR-nettverk vart det arrangert eit miniseminar med fokus på ulike tema innan HR. Eit av hovudfokusa gjekk på nye krav i samband med personvern som vert innført i løpet av 2018.

  1. Styremøte

Styret i NLT hadde styremøte 17. september. Hovudsakene var førebuing av den komande haustsamlinga og strategiplanen. Referat frå styremøta finn du til ei kvar tid på heimesida vår her.

  1. Styremøte i NHO Mat og Drikke

Harald Lie representerer Norske Landbrukstenester.

Kva skjer framover

September

  1. Utredning av tilknyttingskrav i Sykdomsavløysingsordninga

I årets jordbruksoppgjer er det vedtatt og utreie kva tilknyttingskrav som skal nyttast i framtida for å kunne ta del i avløysarordninga under sjukdom. NLT er medlem i ei referansegruppe som Landbruksdirektoratet ønsker skal kome med råd i samband med dette.

28.-29.  Kurs for avløysarar og landbruksvikarar i LIST

Her er det lagt opp til kurs med  fagleg innhald om blant anna kalvehelse og informasjon om aktivitetsmålar brunst og brunst kontroll. Samt middag og sosial samvær. Også her vil administrasjonen vere representert. Vi ynskjer lukke til med arrangementet!

  1. Førebygging av dyretragediar

Norges Bondelag arrangerer eit nytt møte i gruppa «Førebygging av dyretragediar i landbruket. Fokus for møtet vil være viktigheita av velferdsordningane samt viktigheita av å ha landbruksvikarar med god og oppdatert kompetanse.  Bodil representerer Norske Landbrukstenester.

Oktober

17.-20.  Årsmøte i EMR

Frode og Romar representerer NLT.

  1. Kursdel av Haustsamling

Vil minne om påmeldingsfristen til årets Haustsamling som er 26. september. Dersom du enno ikkje har meldt deg på , kan du gjera det her .

November

1.-2.       Haustsamling

Diverse

Strategisk arbeid i organisasjonen vår
Styret arbeider med ein strategiplan for organisasjonen vår. Deltakarane på vårsamlinga i mai,  fekk mogelegheit til å komme med innspel og vere med å medverke til den strategiske utviklinga. Ynskjer du å vere med å påverke prosessen vidare? Så vil du på nytt få mogelegheit for det på årets haustsamling i månadsskiftet oktober/november. Der vil det vera ein open innspelsrunde. Endeleg resultat av strategiplanen vert vedteke på årsmøte 10.- 11. april 2018.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *