Landbrukstjenester Hadeland - Toten

Avstemming på Årets Avløysar er i gong

Tida er no inne for å stemme fram fylket sin kandidat til landsfinalen i Årets Avløysar 2020. Vi har fått inn heile 60 flotte kandidatforslag, og av desse stettar 36 kandidatar nominasjonskrava. Nokre ynskjer ikkje delta i konkurransen og det betyr at det no er 30 avløysarar fordelt over 10 fylker som skal stemmast på. I nokre fylker er det kun ein kandidat, men vi presenterer dei sjølvsagt på lik linje med alle andre.

Avstemminga startar i dag (mandag 17. august) og vert avslutta sundag 6. september. Dersom nokon har likt stemmetal etter at avstemminga er avslutta vil det bli loddtrekning mellom desse. For å stemme må ein logge inn via Facebook, eller opprette ein «konto» med epostadresse og namn. Informasjonen ein legg att vert kun nytta til stemmekontroll og vil bli sletta hos oss etter konkurransen er ferdig.

Under her finn de lenkjer til avstemminga pr. fylke.  Dette kan delast allereie, sjå etter facebook-knappen «Del» litt nede på sida etter at du har klikka på ei lenke.

Agder

Innlandet

Møre og Romsdal

Nordland

Rogaland

Troms og Finnmark

Trøndelag

Vestfold og Telemark

Vestland

Viken

Vi ynskjer alle kandidatane lukka til!