Endeleg vart det Haustsamling
I år kunne Norske Landbrukstenester endeleg arrangera samling igjen for våre 75 føretak. Haustsamlinga vart arrangert på Lily Country Club, Kløfta 26.-28. oktober.
I forkant av haustsamlinga arrangerte vi som vanleg kursdag. Her var det heile 132 påmeldte som fordelte seg ut på seks ulike kurs. Kursa starta etter lunsj tysdag 26. oktober, og varte fram til lunsj 27. oktober. Nytt av året var kurset «styreleiarsamling».

Styremedlem i NLT, Ola Norvald Hagen, spelte på meisterleg vis gjestene inn til festmiddag, på hardingfele.
Her fekk deltakarane på førehand moglegheit til å sende inn tema dei ynskte å diskutera med kollegaer i andre lag, i tillegg til nokre tema som var fastsatt på førehand. Tilbakemeldingane i etterkant av kurset var positive.
Onsdag etter lunsj opna Jørgen Skavlan Haustsamlinga med eit fengjande føredrag om «Helsa sitter i hodet». Innlegget fenga godt, og innehaldt morosame og gode poeng til både ettertanke og latter. Ingen tvil om at dette var ein god inngang til resten av samlinga.
NLT jobbar for tida med ny strategiplan, så deler av haustsamlinga gjekk med til gruppearbeid med dette som tema. Elles hadde vi fylkesvis samling, presentasjon av finalistane i kåringa Årets Avløysar for å nemne noko. Årets lag 2020, Bjerkreim og Gjesdal Landbrukstenester hadde eit innlegg der dei informerte om korleis drifta i føretaket er. Under dag to av samlinga, fekk vi informasjon frå nokre av våre samarbeidspartnera, samt frå Söderberg & Partners og DNB. Sistnemnde informerte blant anna om pensjon, eigen pensjonskonto og OTP.
Prisutdeling
Bjerkreim og Gjesdal Landbrukstenester er kåra til Årets lag 2020 i NLT-organisasjonen. Dette er ei markering av eit medlemslag som har utmerka seg gjennom året i høve profesjonalitet og medlemsyting. I eit «normalt» år ville kåringa vore på Årsmøtet, men sidan Årsmøtet også i år var digitalt vart føregjekk kåringa på Haustsamling.
Bjerkreim og Gjesdal Landbrukstenester vart fusjonert frå høvesvis Bjerkreim Avløysarlag SA og Gjesdal Avløysar- og Rekneskapslag SA frå og med 01.01.2021. Dagleg leiar, Samuel Lima Madland, arbeider to dagar i Vikeså og tre dagar i Ålgård. Slik servar han alle medlemer og avløysarar på ein god måte.
Vi gratulerer Bjerkreim og Gjesdal Landbrukstenester med tittelen Årets Lag 2020.

Årets Lag 2020. frå v: styreleiar Noralf Herikstad, DL Samuel L. Madland og tidlegare styreleiar i Gjesdal, Ola Andreas Byrkjedal
Sidan 2014 har NLT heidra tilsette i administrasjonen i medlemslaga for lang og tru teneste. Denne prisen vert ein tildelt når ein har passert 25 år i teneste for eit medlemslag. I år var det fem tilsette som var kvalifisert for denne prisen; Jonny Lofnes – Sunnfjord Landbrukstenester, Marie Strangstadstuen – Landbrukstjenester Hedemarken, Kristin Kjerstad – Rennebu Landbrukstjenester, Wenche Lamo – Helgeland Landbrukstjenester og Tone H. Sørland- Landbrukstenester Nordfjord. Prisen vart utdelt på haustsamlinga. Gratulera så mykje.

I år var det fem tilsette som var kvalifisert for lang og tru teneste; fv: Tone H. Sørland, Wenche Lamo, Kristin Kjerstad, Marie Strangstadstuen og Jonny Lofnes.