Raymond Fagerli er Årets Avløysar 2021
Kvart år sidan 2000 har NLT kåra Årets Avløysar. Avløysarane gjer ein viktig jobb og er ein forutsetning for at bonden skal få ferie/fritid og ikkje minst hjelp ved sjukdom og kriser.
Årets kåring starta i juni, og vi hadde til saman 17 dyktige kandidatar. Etter nokre stemmerundar i sommar og i haust enda vi opp med tre finalistar. Desse tre var Rune Wik frå Namdal Landbrukstjenester i Trøndelag, Vidar Ulla frå Storfjord Landbrukstenester i Møre og Romsdal og Raymond Fagerli frå Helgeland Landbrukstjenester i Nordland. Alle tre vart invitert til haustsamling i regi av Norske Landbrukstenester (NLT) der vinnaren skulle presenterast under festmiddagen om kvelden.
Under festmiddagen var det stor spenning i salen til kven som gjekk av med sigeren, og då kunne reise heim med tittelen Årets Avløysar 2021 og eit reisegåvekort på kr 20.000,-.

Raymond Fagerli held takketale etter utmerkinga.
Leiar i NLT, Inge Martin Karlsvik, hadde svaret i ein konvolutt og det vanka både jubel og applaus då Raymond Fagerli vart presentert som vinnar. Vinnaren vart både overraska og glad og kunne straks etter utdelinga formidle at det no vart tur til USA. Vi ynskjer han god tur.
Vi ynskjer å takke alle som har bidrege under Årets Avløysar 2021. Takk til alle som kom med forslag til kandidatar, alle som stemte og sist, men ikkje minst, alle dei dyktige avløysarane som var med i konkurranse.
Om Fagerli
Raymond Fagerli byrja å jobbe som avløysar hos Helgeland Landbrukstjeneste allereie i 1996. Fram til 2017 jobba han i ring med fleir bønder. Deretter byrja han å jobbe hos ein oppdragsgjevar med utvida ansvar for drift.
I Grane kommune kor han held til har ein ikkje fast landbruksvikar, så det vil seia at når andre bønder har trengt hjelp, så har han stilt opp ekstra hos desse.
Raymond er fagleg dyktig og brenn for landbruket. Han er og engasjert i politikken der han frontar landbruksnæringa.
Raymond er påliteleg og ein kan trygt la han ta ansvar for garden når ein ynskjer seg litt ferie eller vert sjuk.
Vi gratulerer Raymond Fagerli som Årets Avløysar 2021!