Statens tilbod fører til mindre avløysing
I staten sitt tilbod ved jordbruksoppgjeret vert det ikkje tilbydd noko auke i tilskotta i velferdsordningane. Auka kostnader vert ikkje kompensert, noko som føre til dyrare ordningar og mindre avløysing for tilskottet. Dette er diverre ein trend som vi har sett dei to siste åra.
Gode velferdsordningar er eit viktig moment for god dyrevelferd.
Avløysing ved sjukdom
Tilskott ved sjukdom har hatt ei positiv utvikling fram til og med jordbruks-oppgjeret i 2013. I dei to siste oppgjera har tilskottet stått i ro med ein maks dagsats på kr. 1.500,-, og medført ein høgare eigendel for bonden. Allmenngjorte lønsutgifter har i same tidsrom auka med 6,2 %. For å dekkje reelle utgifter burde maks tilskott pr. dag i 2015 utgjort kr. 1.800,-. I alle tilfeller bør tilskottet følgja kostnadsutviklinga.
Det vert uforholdsmessig dyrt for ein bonde som vert langtidssjukemeldt. I nokre tilfeller vil ikkje bonde sjå seg råd til sjukdomsavløysing, som i verste fall vil gå utover dyrevelferda.
Landbruksvikarordninga
Landbruksvikarordninga vart overført frå kommunen til landbrukstenestene i 2009. Det er i dag etablert 240 årsverk som står i beredskap ved akutt sjukdom og krise. Ordninga vert finansiert ved hjelp av eit tilskott pr. årsverk og eigebetaling frå bonden. Eigenbetaling tilsvarer dagsats ved sjukdom. Tilskottet pr. årsverk landbruksvikar har stått i ro sidan 2009, men auka lønskostnadar i landbrukstenestene har blitt kompensert ved auka dagsats. Når dagsats ved sjukdom har stått i ro dei to siste åra medføre dette at kostnadane i landbrukstenestene har auka. Vi må ikkje kome i ein situasjon der landbrukstenestene ikkje har råd til å yte denne viktige tenesta.
Ein landbruksvikar skal kunne gå inn og overta drifta på eit gardsbruk i akutte situasjonar. Dette stiller høge krav til kompetanse innan ulike produksjonar. Det bør i tillegg vera økonomi til at landbruksvikaren kan gjere seg kjend på gardsbruk i sitt område.
Avløysing ved ferie og fritid
Basert på ingen auke i tilskott i staten sitt tilbod, vil samla auke i tilskott for dei to siste år vera på 2 %. Når lønsutgiftene i same tidsrom har auka med 6,2 % vil det sei at bonden får mindre fritid for tilskottet. Dersom ein samanliknar med 1998 er ferie og fritid for bonden nesten redusert med 6 dagar.
Fleire undersøkingar syner at sjansen til å få ferie og fritid som andre, er eit viktig moment for rekruttering til næringa og for at etablerte skal bli i næringa.