Statens tilbod – jordbruksoppgjeret 2019
Staten la i dag fram sitt tilbod til årets jordbruksoppgjer.
Tilbodet inneheld følgjande saker innan velferdsordningane;
- Auke i satsane ved ferie og fritid på 6 %. Maksimalt tilskott er foreslått auka med 4.700 kroner til 83.400 kroner.
- Opning for at avløysartilskott ved sjukdom kan verta gitt til bønder som tar ut foreldrepermisjon, sjølv om dei ikkje har rett til foreldrepengar eller eingongsstønad ved fødsel frå NAV.
- Maksimal dagsats ved sjukdom er foreslege uendra.
- Auke i tilskott per årsverk landbruksvikar med 1.500 kroner. I tillegg vert etterslep frå i fjor justert slik at ramma på 240 årsverk i landbruksvikarordninga vert dekka inn, og ikkje 233 årsverk som i fjor.
- Inga endring i tidlegpensjonsordninga for jordbrukare.
Informasjon om velferdsordningar i staten sitt tilbod finn du her.
Heile tilbodet finn du her.